Ord over grind




 

Ord over grind

Du går fram til mi inste grind,
og eg går og fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.


Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma i blant
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg så her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

Halldis Moren Vesaas

HsK Design