God Jul

Det lyser i stille grender
Det lyser i
stille grender
av tindrande
ljos ikveld,
og tusunde
barnehender
mot himmelen
ljosi held.

Og glade med
song dei helsar
sin broder i
himmelhall,
som kom og vart
heimsens frelsar
som barn i ein
vesal stall.

Han låg der med
høy til pute,
og gret på si
ringe seng,
men englane song
der ute
på Betlehems
aude eng.

Der song dei for
fyrste gongen
ved natt over
Davids by,
den evige
himmelsongen
som alltid er
ung og ny.
Songen som atter
tonar
med jubel kvar
julenatt.
um barnet, Guds
son og sonar
som myrkret for
evigt batt.
(Jakob Sande)

Tilbake
Meny
Design©Gerd
Eva
|